Er det ikkje på tide vi får ny landslagssjef snart?

Landslagssjef i fotball, naturlegvis. No er det jo begynt å bli ei stund sia Åge Hareide trakk seg. Om litt over ein månad er det tid for det tid for årets første landskamp. Borte mot Tyskland. Med tanke på dei resultata det norske landslaget har vist i kampar på denne tida av året er det grunn til å være skeptisk. I slutten av mars i fjor fekk vi grisebank av Montenegro. Tysklandskampen kjem endå tidlegare på året. Nordmenn utan kamptreninig mot Ballack, Klose, Schweinsteiger, Gomez og alt mulig. Herregud så rævkjørt vi kjem til å bli. Men vi må då uansett ha ein landslagsjef.

Den mektigaste gruppa innan norsk fotball er ikkje fotballforbundet, men riddarane av den frie presse: Sportsjournalistane. I alle særdeleshet TV2. Berre som det er sagt, alle sportsjournalistar som har som hovedoppgave å dekke fotballen er idiotar. Alle som ein. Ikkje som personar, sjølvagt, men som yrkesgruppe. Ei kvar yrkesgruppe som meiner det er ein god ting med endelaus diskusjonar om tvilsomme offsideavblåsingar, beskyldningar om filming og om keepertabbar kan ikkje forvente ein snillare karakteristikk. Frå 2009-sesongen er rett nok TV-rettane til norsk fotball ikkje berre i hendene til TV2, så kanskje vi kan få ei litt mindre konfliktorientert dekning av favorittsporten vår. Det er iallefall lov å håpe, sjølv om det mest sansynleg berre blir med håpet.

Landslagsjef, ja. Det må vi ha! Siste nytt no er at NFF er ute etter Stabæk-trenaren Jan Jönson. Ein svenske, altså. Det er mange svenske trenarar i norsk fotball for tida, og svensk landlagssjef har vi hatt før og. Til og med England har hatt ein svensk landslagssjef. Så det er då ikkje så gale. Det er jo nærast eit krav om at vi skal ha ein utanlands sjef denne gongen. Noko nytt og spennande må det være. Ikkje noko Drillo-fotball her, nei!

For Drillo-fotball er jo gamaldags og kjedelig, og det kan vi jo ikkje ha. Vi må spele bra fotball, seier hylekoret. Ærleg talt, det finnst ikkje noko som heiter bra fotbal. Det finst ikkje noko som heiter dårleg fotball. Det finst berre noko som heiter fotball. Fotball handler om å sparke ballen inn i motstandaren sitt mål, og samstundes hindre motstandaren i å sparke ballen inn i eige mål. Det er faktisk så enkelt. Ikkje noko fancy-pancy, det blir faktisk ikkje delt ut stilpoeng på ei fotballbane.

Drillo blir jo faktisk trukke fram som ein aktuell kandidat for landslagsjobben, i det minste som vikar. Så då har vi to kandidatar. Finnst det fleire? Mange svare ja på det spørsmålet. Vi må ha ein utanlandsk sjef av topp internasjonal klasse, seier dei. Kven då? Jo, seier dei, vi må få tak i Guus Hiddink! Jo, det var kanskje ein ide. Han har jo resultatar å vise til. Semifinale med Nederland i VM i 1998. Semifinale med Sør-Korea fire år seinare. Åttandedelsfinale med Australia i 2006, der dei tapte etter ekstraomgongar mot den seinare verdensmesteren Italia. Semifinale med sitt noværande lag Russland i EM i fjor sommar. Men nettopp der ligg problemet. Hiddink har jobb. Ein godt betalt jobb, der han jobbar med eit av dei mest spennande fotballlandslaga i verden. Ikkje tale om at han skulle kunne være interessert i å ta over Norge.

Så vi må være realistiske. Sjefane i NFF var i England her om dagen, etter sigande på jakt etter landslagssjef. Roy Hodgson og Ole Gunnar Solskjær var visstnok dei dei skulle snakke med. Roy Hodgson er jo utlending, kanskje han hadde vore ein ide? Han har jo erfaring både frå klubb- og landslag, både internasjonalt og her til lands. Resultarer har han og å vise til. Dei mest spennande norske trenarane vi har er uaktuelle, då både Steinar Nilsen og Henning Berg nett har starta i nye jobbar i høvesvis Brann og Lillestrøm. Andre norske kandidatar som Trond Sollied, Ståle Solbakken og Nils Johan Semb har sagt dei er uaktuelle for landslagsjobben. Når det gjeld Solskjær, så oppfyller han nok ikkje desse krava som er satt om erfaring, sjøl om han unekteleg hadde vore eit spennade val. Andre land har jo hatt suksess med å ansette tidlegare stjernespissar som landslagsjef, som til dømes Tyskland under Jürgen Klinsmann.

Om eg fekk bestemme så hadde vi gått for Roy Hodgson. Eller alle helst Steinar Nilsen. Kanskje han ville være interessert i å ta over når Premier League-sesongen er over? Han har iallefall ikkje avvist ideen om å bli landslagssjef igjen. Men kanskje er ikkje Jan Jönson eit dårleg val heller. Han har jo gjort det godt med Stabæk. Han er heller ikkje avvisande til tanken om å bli landslagssjef. Problemet er jo at han som norsk landslagsjef slett ikkje kan disponere noko spelarmateriale som innhelde nokon Gunnarson eller Nannskog, og langt mindre nokon Alanzhino.

NFF har satt ein deadline på 15. januar for å få på plass den nye landslagssjefen. Den deadlinen skulle eg sette både gard og grunn på at dei ikkje kjem til å overholde.

  1. Anonym sier:

    hva med siv jensen

  2. Bjørnar sier:

    Siv Jensen er akkurat som Åge Hareide. Har det berre i kjeften.

  3. Hebbe sier:

    Marit Breivik eller Tom Nordli hadde nok fått dem opp av gjørma.

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply