Sarkozy rydder opp?

Han er ein merkeleg skrue, den franske presidenten Nicolas Sarkozy. Iallefall for oss som ikkje er franske, eller har særleg stor kunskap om franske forhold og den franske politiske kvardagen. For oss som kun opserverer Sarkozy gjennom TV-ruta virker det som om mannen kun har ein politisk ambisjon: Å komme på skjermen i flest mogleg nyhetssendingar kvar dag. Men ein ting skal han ha, han har det som skal til for å markere seg på den internasjonale arenaen, og han oppnår resultat. Siste nytt no er at eit Fransk-Egyptisk initiativ til våpenkvile i Gaza har blitt akseptert av Israel og dei palestinske sjølstyremyndighetane.

De palestinske sjølvstyremyndighetane vil alts seie Fatah-bevegelsen og president Abbas. Kva Hamas, som styrer og steller i Gaza, meiner om dette forslaget er endå ikkje kjendt. Skjønt, det er ikkje mykje som er sikkert på dette tidspunktet. Raportane om kven som faktisk har godkjendt forslaget til våpenkvile spriker i forskjellige medier. Hamas virkar ikkje å være lystne på ingå våpenkvile med Israel, og israelarane set visstnok som betingelse at Hamas legg ned våpena før dei gjer det same sjølve. Ein kan altså risikere at det heile kokar bort i kålen.

Men tilbake til Sarkozy. Etter at han tok over som president 16. mai 2007 kan det virke som han har fått gjort meir på  dette drøye halvanna året han har vore president enn det forgjengaren Chirac gjord tilsammen i dei 12 åra han sat ved roret. Iallefall om ein skal dømme utifrå TV-tid. Sarkozy ønsker nok å sette Frankrike, og ikkje minst seg sjølv, i senter for verdens oppmerksomhet. Frankrike er jo ei gammal stormakt, og liker å gjere ting på sin eigen måte. At Sarkozy ønsker i gjenreise den nasjonale storheten er jo ikkje så rart.

Han har jo alt gjort seg bemerka. Han var sentral då Fransk-Colombianske Ingrid Betancourt blei frigitt frå fangenskap hos FARC-geriljaen, han bidro til at dei bulgarske helsearbeidarane som sat fengsla i Libya på misstanke om å ha sperdd HIV-virus blei satt fri.  Sarkozy, i egenskap av det dåværande franske presidentskapet i EU, var og svært involvert i forhandlingane med Putin og Mevedev i Moskva for å få slutt på krigshandlingane i Sør-Osettia.

Og no har han altså plasert seg sjølv i begivenhetanes sentrum igjen. Ein får berre håpe at begge sider ser seg nøgde med ei fredleg løysing. Akkurat no virker det som det er opp til dei same folka som utløyste krigshandlingae å stoppe dei, nemleg Hamas.

  1. Tage sier:

    Abbas dolker Palestinerne i ryggen.
    Denne mann er helt utrolig.
    Først kupper han et valg, for så å drive forhandlinger uten folkelig støtte. Kun støtte fra noen få i Palestina og ellers Bush og Olmert.
    Det siste utspiller er jo som å vri rundt kniven i såret.

  2. Argus-37 sier:

    Det er vel heller tvilsomt hva som vil komme ut av dette forslaget all den tid HAMAS ikke godkjenner president Abbas som øverste myndighet for Palestina, me – hvem er det da? HAMAS styrer jo ikke på Vestbredden?!

    Og dersom ikke HAMAS stanser rakettene mot Israel så er det jo ingen hensikt for Israel å gå inn i en våpenhvile? Tilbake sitter president Sarkozy med en heller frynsete PR-profil…

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply