Onsdagsmoro!

Nytt år, ny moro. Vi gjer vårt beste for å gjere overgangen tilbake til kvardagen etter nyttårsfeiring og alt mulig så behagleg som mogleg. Og derfor presanterar vi her litt ymse smågodt frå verdsveven i håp om at det skal kunne bringe fram litt smil og lått hos deg, kjære lesar, denne kalde januardagen.

Kva får du når du blandar Barne-TV og Gangztah-rap av værste sort? Vel, det er ikkje pent. Ta ein kikk:

YouTube Preview Image

Våre venner russarane er i vinden for tida. Dei truar med å stenge gassen som dei eksporterar til Vesten. Fæle folk. Men kva gjer eigentleg Boris og Ivan på når dei har fri og skal slappe av? Dei drikk sjølvsagt vodka. Og jaggu er dei flinke til det og.

YouTube Preview Image

Karamelldansen. Kva seier du? Har du aldri høyrt om Karamelldansen? Herregud, menneske! Har du levd i ei hole i skogen utan komunikasjonsteknologi sia årtuenskifte? Utan kjennskap til Karamelldansen så har du jo ikkje noko begrep om korleis du fører deg på eit dansegolv! Heldigvis er vi hjelpsame folkeopplysarar! Enjoy!

YouTube Preview Image

Så ein video vi har presantert før her på DU, men sia det var før vi fekk denne fancy youtube-funksjonen så tåler vi å koste på oss eit gjennsyn. Det skal handle om kotelettar, om øl, om velkledde menn med bart. Kotelett Rett og Slett!

YouTube Preview Image

Heilt til slutt ein video som krever litt forklaring. I fjor haust gav AC/DC ut ei plate. Første singelen frå den plata, Rock’n'Roll Train, var sjølvsagt noko som fansen venta på med stor spenning. Og i dagane før songen blei sluppe på radio dukka det opp ein film på nettet der ein kar song og spelte ein song han hevda å være nettopp Rock’n'Roll Train. For sjølv om songen ikkje var tilgjengelig for dei store massene, var det enkelte som hadde høyrt den. Nokon heldige fekk nemleg være med på innspelinga av musikkvideoen.

Og ein av desse fekk så den gode ideen at han skulle dele det han hadde opplevd med verda. Så han satte seg ned framfor kameraet sitt og nynna det han huska av songen. Han la so dette ut på youtube. Det er no vår mann kjem inn i bildet. I Frankrike sat det nemleg ein kar og såg denne videoen Han tenkte at det var då synd ein berre skulle høyre litt grautete skotsk nynning, kanskje han skulle ta å spele inn det han såg på nettet? Gitar, trommer, vokal, full pakke? Javisst! Han kledde seg opp og laga fullt show og greier. Det som i ettertid er litt festleg er jo at denne versjonen av songen ikkje likner litt på originalen.

Så det heile enda jo opp med at vår franske venn ikkje hadde oppnådd anna enn å dumme seg ut for heile internett. Skjønt, det blei då ein festleg video ut av det.

YouTube Preview Image

Leave a Reply