Justice for all
Neinei, det er ikkje Metallica-plata med (nesten) same namn det er snakk om, sjølv om det for all del skal handle om skumle typar med endå skumlare frisyrer. Vi skal nemleg ta for oss eit spel til Nintendo si strålande velse spillmaskin DS. Eit spel med det lange og kompliserte namnet Ace Attoreny: Phoenix Wright – Justice For All.
Dette er altså ein advokat-simulator. Jepp. Men det er faktisk moro likevel. Joda, det er det! Ein er altså Phoenix Wright, forsvarsadvokat. Kjapp i replikken, pen i tøyet og en med ein sveis det står respekt av. Spelet er sjølvsagt japansk. Dei er i grunn snåle desse japanarane. Først var dei samuraiar, så kom Tom Cruise og lærte dei å bruke skytevåpen. Det var ikkje så lurt, for japanarane tok våpena og gikk til krig mot alle i umiddelbar nærhet. Ikkje pokker om dei ville gje seg heller, ikkje før amerikanarane hadde nuka dei to gonger.
Men Japan kom seg då etter krigen. Og midt i all sumobrytinga og avvikarpornografien var det nokon som kom på at dei skulle starte ein spelindustri. Og det er desse lyse hovuda som klare å komme på slike ting som ein advokatsimulator. Jau. Som forsvarsadvokat skal vår helt Phoenix Wright forsvare tilsynelatande skyldige klienter i rettsalen, og bevise deira uskyld. Det er lettare sagt enn gjort. I ei av dei fire sakene i spelet har ein til dømes det hendelsesforløpet at to personar går inn i et rom med berre ein inngang. Dei låser døra etter seg, ingen kan komme ut eller inn. Så høyres to skudd. Døra går opp og den eine personen er død som ei slid, skoten og stukke med kniv. Den andre personen har mordvåpenet i handa og er dekka av offeret sitt blod. Det er opp til deg å få vedkommande frikjendt. Det seier seg sjølv at det kan være litt tricky.
Og ikkje berre litt. Til tider er dette ubegripelig vanskeleg. Dei mest obskure bevisgjenstandar kan endre alt, og ein må plukke frå kvarandre vitnemål og etterforske sakene på eiga hand for å grave fram sanninga. På vegen møter ein ei rekke av snålinger. Eit artig persongalleri, til dømes voldelege aktorar, småperverse mentalpasienter, sjølvgode sirkusfolk og matglade åndemanarar, og eit festlig og inteligent manus gjer dette til særs artig tidsfordriv, sjølv om spelet stort sett består av å lese tekst. Lite kræsj og bang, for dei som liker slikt.
Justice For All er det fjerde i ein serie av i alt fire (trur eg) Ace Attorney-spel. Det siste i rekka, Apollo Justice, var med på ei av desse best of 2008-kåringane i ei eller anna avis no for ikkje så lenge sia. Det skal visstnok komme eit femte spel i serien i år, som skal omhandle den kronisk humørsjuke aktoren Miles Edgeworth. Det blir nok moro, sjøl om ikkje Dagbladet har det med på lista si over ting og tang i glede seg til i løpet av året.
Så om du kunne tenke deg å leike både dektektiv og advokat på ein gong, så er dette rett opp i røret for deg!
![]()







