Julemusikk!

Sjølve julehelga er over for i år, men julestemninga held forsatt si trykkande hand over oss. Spesielt om ein har lytta til radio dei seinaste dagane har ein fått julestemninga langt opp i halsen. Det er sjølvsagt julemusikken det er snakk om, julesongane. Eg er sikker på at det ikkje berre er meg som lure på om ikkje det er mulig å finne andre songar enn O Helga Natt, Driving Home For Christmas eller kva pokkern det er dei heiter alle saman å spele til den radiolyttande befolkninga. For sjølvsagt gjer det det. DU presanterer her eit utvalg av alternartiv julemusikk du kan ta ei runde rundt juletreet til.

Først av alt, berre ta det heilt med ro: Last Christmas er ikkje med på lista.

Vi startar med ein skikkelg røvar. Alle som hadde øyrene på rett plass på det glade nittital fekk nok med seg Mr. President sin abnormt store monsterhit Coco Jambo. Så kva har denne glade sommarsongen å gjere med julemusikk? Jaudå, det finnst ein juleversjon! Coco Jambo Christmas! Sjå, høyr og nyt!

YouTube Preview Image

Som så mykje anna god musikk kom Mr. President frå Tyskland. Og tyskarane står bak mykje julemusikk dei, frå Glade Jul til denne, happydancetrancefenomentet Blümchen si musiklaske fortelling om kva ho ønsker å finne under juletreet.

YouTube Preview Image

Og det får være nok frå Tyskland i denne omgong. For no skal vi langt avgårde, til Australia, og våre alles favorittkenguruskjendarar: AC/DC! For til og med desse har laga ein julesong. Sjølvsagt ein julesong av det slibrige slaget, men jul er då tross alt jul. No finst det desverre ikkje noko offisiell video eller konsertframførelsar av denne songen, så derfor er det bra at vi har slike som han Jibbiddy på YouTube, som har laga sin eigen video. No tillater eg meg å tvile på om Jibbiddy si sjarmerande venninde som han har fått med i videoen sinn er heilt inneforstått med kva han ønsker seg til jul, men det er då sporty gjort å stille opp likvel. Så, jenter og gutar, vi presanterer Misstress for Christmas. I wanna ride on your reindeer honey, and ring the bells!

YouTube Preview Image

La oss vende tilbake til tradisjonell skandinavisk julefeiring. Inga from Sweden veit akkurat kva ho ønsker seg til jul, og har til og med laga ein dårleg sang og ein slibrig musikkvideo om det.

YouTube Preview Image

Heilt til slutt, her er nokon som virkelig har skjønt det: Christmas is Awesome!

YouTube Preview Image
  1. Anonym sier:

    Syns The Darkness herlige julesang skulle hatt ein plass her!
    http://www.youtube.com/watch?v=W-eslNwGXrI
    Ellers utrolig mye bra!

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply