Jul!
Når det no lir mot julekvelden, og vi gjer oss klar til å sette oss til dekka bord med pinnekjøt, ribbe, kalkun, lutefisk, torsk, pølse, grandiosa eller kva det no måtte være på menyen, så kan det kanskje være på sin plass å stoppe opp litt, ta seg ein pust i bakken og sende ein tanke til dei iblandt oss som ikkje får ta del i denne gastronomiske høgtidsstunda det er å sette seg rundt bordet til julemiddagen.
Men dei har då trass alt valgt det sjøl, vegetarianarane.
Vi i DU vil nytte høvet no på juleklvelden til å takke alle som har lest det vi har skrive no i haust og vinter. Og ein spesielt stor takk til alle som har tatt seg bryet med å kommenter skribleriane våre. Det er umåteleg stor stas for oss at folk finn seg tid til å skrive kommentarar i ein hektisk kvardag. Så skjenk dokke ein ekstra juleøl i kveld, folkens, det fotjener dokke!
Til sist, frå all of us to all of you: musikalsk julestemning av høgste kvalitet: Stille Nacht med David Hasselhoff!







