Søndagsmoro

Det er sommer, det er sol og det er søndag! Eller, nei det er jo ikkje det. Det er vinter, det er sjitveir og det er søndag. Det seier seg sjølv at stemninga ikkje akkurat står i taket. Derfor tek DU si oppgave som folkeopplysarar særs alvorleg akkuart denne søndagen, og vil soleis gjere sitt ytterste for å lure fram smilet hos våre lesarar.

Jaudå. No skal det bli change i USA. Change we can belive in. Dagen då Obama tar over i det kvite hus kjem stadig nærare, og alle vi som kan skryte på oss ein viss innsikt i amerikansk politikk (Democrats good, Republicans bad) veit at då blir det slutt på krig, finanskrise og klimaendringar. Dette er jo ting som han W. personleg står ansvarleg for. Men la ikkje dette ødelegge våre fordommar mot amerikanarane! Det finnst forsatt våpenglade rednecks, og dei er jo alltid festlege. Ta til dømes ein kikk på ho dama her:

YouTube Preview Image

Alle veit at helium gjer deg ei lys og artig stemme. Men visste du at det finnst ein gass med den motsatte virkninga og? Skru opp lyden og la Mythbusters teikne og forklare!

YouTube Preview Image

Det går ikkje så bra for OJ Simpson om dagen. No skal han visst i fengsel. Kanskje burde han ha hamna i fengsel for lenge sida uansett? Vel. Ein gong i tida var då han OJ populær, spelte i filmar og greier. Skjønt, det gjekk jo ikkje alltid så bra for rollefigurane han spelte i filmane heller.

YouTube Preview Image

Til slutt, litt musikk! Kven har sagt at tegnefilmfigurar ikkje kan rocke? Take it away, SpongeBob!

YouTube Preview Image

Helt til slutt så må vi berre ha med dette biletet. Det har vore alt for lite David Hasselhoff-stoff i DU i vinter, og det beklager vi på det sterkaste. Vi håper derfor at dette biletet vil være eit plaster på såret til hordane av Hasselhoff-fans der ute.

hoff-soap

Leave a Reply