Julegodt: Kjeks og Brus II
Vinnarkombinasjonen kjeks og brus, som vi og tok for oss i forrige utgave av julegodtspalta, skal på nytt settast under lupa for grundig og kritisk vurdering. Det er sjølvsagt nye utagver av både brus og kjeks som skal vurderast, nemleg julebrusen frå Hansa, og den kanskje største klassikaren av alle når det kjem til kjeks: Ho Mor sine heimelaga Julekjeks.
Vi startar med brusen. Hansa Julebrus er å få på glasflaske, og det er eit stort pluss. Eit kjempedigert hypermegasuperduper ultra-deluxe2000-pluss. Plastflasker for julebrus er berre feil. Men så var det smaken. Det første ordet som formar seg på stemmebåndet etter å ha teke ein slurk av Hansa Julebrus er mild. Mild, ja. Det er tydleg at ein med denne brusen ønsker å favne størst mogleg kjøpargrupper, utan å støte frå seg nokon. Dette er både eit pluss og eit minus. Minuset er først og fremst at ein gløymer smaken fort. Ein anonym smak, rett og slett. Det smakar lite meir enn raudt vatn med kolsyre og ein li-i-iten antydning til bringebærsmak. Det store plusset er derimot at den står seg særs godt til julematen, og at ein kan drikke mykje av den utan å gå lei.
![]()
Så til kjeksdelen av dagens Julegodt. Heimalaga julekjeks. Kunne eg med skrivne ord formidla den sikle-lyden som Homer Simpson lagar når han tenker på noko godt her, så hadde eg gjort det no. For dette er ein klassikar av dimensjonar. Sju slag til jul, er det nokon som seier at det skal være. Personleg er eg ikkje einig i dette, kvalitet er langt viktigare enn kvantitet på dette området. Der er jo og slik at både kvaliteten og kvantiteten kan variere voldsomt rundt om kring, då det er så mange ulike produsentar som står bak julekjeksa. Kva type julekjeks som er å finne rundt om i dei tusen hjem er jo og noko som variera, og på bakgrunn av dette er det jo vanskeleg å kunne komme fram til eit objektivt pølsekast for heimelaga julebakst av alle slag. Derfor får ein berre klare seg med å komme med ei vurdering basert på det ein sjølv har tilgjengelig, og for meg personleg er det ingen tvil om at dette er vilt fifft.
![]()







