Gratulere med dagen, Keith!
Det er sjølvsagt Keith Richards det er snakk om. I dag, 18. desember, er det på dagen 66 år sidan ei av rockens største legender kom til verda i Dartford, Kent i England. Unge Keith blei introdusert for musikk av si mor og sin morfar, som tidlegare hadde turnert i England som jazzmusikar. Det var mor til Keith, Doris, som bruke sju pund på å kjøpe ein gitar til han. I ettertid må jo dette kunne seiast å være eit sjakktrekk.
For Keith blei jo rockestjerne, han. Historia går slik at Keith Richards ein dag på det tidlege sekstital traff sin gamle skulekamerat Mick Jagger på ein togstasjon i London. Jagger stod med ein bunke Chuck Berry og Muddy Waters-plater under armen, og denne felles interessa for musikk førte til at Keith og Mick kom i prat, og bestemte seg for å stifte verdas største rockebande; The Rolling Stones.
Nå er jo strengt talt dette ikkje sant. Eller, delen om møte på togstasjonen skal stemme, men om rett skal være rett så var det jo Brian Jones som var mannen som starta The Rolling Stones. Både Richards og Jagger kom til seinare. Men ein kjem ikkje vekk frå det fatum at Brian Jones har vore død og begrava i snart 40 år, medan Jagger og Richards fortsatt er superkjendiser.
Nåvel. Keith Richards blei altså rockestjerne, og Rockestjerne med stor R var han. Ikkje berre musikalsk, men i alle ordets betydningar. Alkohol, narkotika, arrestasjonar, supermodellar og all moroa som følger med. Innimellom tok han seg og tid til å lage musikk. Og noko av denne musikken er jo av det ypperste som rockehistoria har å by på. Dei aller fleste kjenner jo igjen riffa frå til dømes Satisfaction, Jumpin’ Jack Flash og Start Me Up.
Så i dag er det berre å helle noko godt i glaset og skåle for ein av rockehistorias aller største. La oss avslutte med eit klipp som ein gong for alle fastslår Keith Richards sin evige kulhetsfaktor: Slik takler du tullingar som spring opp på scena under konsertar:








Hipp hipp Hurra!