Let there be rock!
Jajamensann, i sommar spelar verdas tøffaste rockeband, AC/DC , på Valle Hovin i Oslo. Billettane blei rive vekk på under ein time, skal vi tru riksmedia, og frustrerte fans valde av ein eller annan grunn å ringe til VG for å klage si nød. For heller ikkje denne gongen var det alle som ville som fekk seg billett.
Konserten på Valle Hovin i juni blei satt opp som ein ekstrakonsert som føge av den enorme pågangen ein opplevde då billettane til AC/DC sin konsert på Telenor Arena i februar blei lagt ut. Billettservice har visstnok aldri opplevd makan til pågang etter billettar som den gong, og undertegna var ein av veldig mange som sat ganske så frustrert igjen etter at idiotsystemet som billettservice tilbyr sine nettkundar knakk saman grunna pågangen.
Så det var sjølvsagt jubel og glede når det blei annonsert at Angus Young & Co ville spele på Valle Hovin under sommarens stadionturne, ein del av Black Ice-turneen, som nett no pågår for i Nord-Amerika. AC/DC har opplevd ein stor popularitetsboom etter at dei gav ut den kritikarroste comeback-plata Black Ice no i haust, til og med dei mest kred-fanatiske musikkforståsegpåarane som finnst har gått frå å omtale AC/DC som mannsjåvinistiske harrytassar til rockelegender. Dei kom til og med på coveret av Rolling Stone Magazine.
Vi kan gje ei kort innføring i AC/DC si historie får våre interesserte lesarar: AC/DC blei grunnlagt av Malcolm Young i Sydney, Australia, på det tidlege syttital. Malcolm fikk med seg lillebroren Angus på gitar, og saman med den utagerande vokalisten Bon Scott og stadig utskiftbare bassistar og trommisar skape dei seg eit navn i Australias rockemiljø. Det store internasjonale gjennombrotet kom i 1979, med plata Highway to Hell. Verda låg for deiara føtter. Men akk, i 1980 klarte Bon Scott å regelrett drikke seg i hjel, så då måtte ein ut å finne ny vokalist. Valet fall på Brian Johnson. Bandet dro så til Bahamas, og med Johnson bak mikrofonen spela dei inn det som skulle bli verdas mestselgande rockealbum, Back in Black. Sia dengong har AC/DC stort sett holdt stilen, og med ugjevne mellomrom gjett ut plater som stort sett dreier seg om rock, øl og nakne damer. Dei viktige tinga i livet.
Billettane til konserten på Valle Hovin blei rive vekk på under ein time. Også våre venner i sør, danskane, opplevde ekstrem pågang då det i dag blei lagt ut billettar til AC/DC i Parken i København i dag. Også i Sverige var etterspørselen etter billettar stor. Folk som hadde stillt seg i kø for billettar i Gøteborg opplevde ein organisert kø, noko som ikkje skal ha vore tilfelle for dei som sto i kø ved Oslo Spektrum i dag tidlig.
Men anyhows, vi som fekk tak i billett har grunn til å smile, og å sjå fram til 15. juni 2009. Som det heiter i songen:
For Those About To Rock, We Salute You!








Om man er så fan så er det ingen grunn til å klage. Meld deg/dere inn i fanklubben og kjøp billetter for medlemmer. Jeg gjorde dette klokken 13:00 idag og vips 2 billetter sikret!
Om du meldte deg inn klokken 13:00 i dag så prøvde du deg vel først på billettservice? Om du er en så stor fan hvorfor var du ikke allerede medlem og kjøpte der med engang?
Det var då ikkje alle som kom gjennom på billettservice. Då er fanklubben eit god alternartiv. Men anyhows:
Ikkje krangle! Dette er ei gladsak!
Jeg vant på lotto to ganger i dag. Det føltes i hvertfall sånn da jeg fikk kjøpt 2×4 billetter, og begge gangene etter kl 11. Jeg var opptatt i møte når billettene ble lagt ut, og var ganske ulykkelig da jeg hørte at konserten var utsolgt… Men det snudde da jeg hadde lykken på min side to ganger. vi er nå en lykkelig familie og vennegjeng
Ingenting er som ein glad romeriking!
High five!
Bjørnar du har selvfølgelig rett! Når en har billetten i hånden slik som vi har i dag er jo dette en gladsak!
Å kunne oppleve AC/DC live på Valle Hovin blir årets kulturopplevelse i 2009!
Er billetter igjen enda. Berre prøv !