Julegodt: Kjeks & Brus
Ja, denne gongen skal vi ta for oss to typar julegodt på ein gong, ein flytande og ein i fast form. For ting skal jo kunne kombinerast. Og kjeks og brus er jo ein god ting å kombinere. Dei to fristelsane som skal under lupa er Bakermester Hoff Kakemann og julebrusen frå Lærum.
Vi startar med brusen. For meg er Lærum sin julebrus sjølve julebrusen. Det var denne eg drakk då eg som liten drittunge satt ved bordet og tvinga i meg pinnekjøtet som måtte etast opp før eg kunne gå laus på pakkane som låg under treet, så det knytta seg mange nostalgiske minner til julebrusen på flaska med det julestemningsframkallande motivet på etiketten. Lærum har jo bygd seg opp eit image som søte, saftige fristelsar frå saftbygda i Sogn, mellom anna i reklamer fronta av ein annan søt, saftig fristelse frå saftbygda i Sogn, Idol-Tone, men julebrusen deira lev ikkje op til mine forventningar. Det smakar meir industriprodukt enn noko bestemor Lærum har laga av bæra som Idol-Tone plukka der ho barbeint og syngande hoppa rundt mellom bringebærsbuskene. At den, sovidt eg veit, berre er å få på plastflaske er heller ikkje noko som trekk inntrykket opp.
![]()
Så kjem vi til kjeks-delen av dagens julegodtspalte. Skjønt, er kakemenn eigentleg kjeks? I dag får det gå under den betegnelsen, iallefall. Vi har som sagt satt tenna i kakemenn frå Bakermester Hoff, som i følge våre venner hos google held til i Indre Arna. Kakemannane kjem i pakkar på tre, er forma som julenissar og er pryda av diskret konditormaling. Smaken er slett ikkje værst, og sjølve kakemannane er gode å putte i munnen. Ikkje for mjuke, ikkje for harde. Nei, fysj! Kva er det eg skriv?!
Anyhows, smaken er heilt OK.
![]()








Syns faktisk at Lærum er det beste alternativet – men det betyr ikke at den smaker særlig fantastisk.
Eg skal innrømme at førsteinntrykket kanskje var litt vel negativt for julebrusen frå Lærum.
Det er derfor fult mulig at Julegodt-redaksjonen vil revurdere antal pølser når vi har fått eit større samanlikningsgrunnlag.