Derrick er død
Stephan Derrick, eller Horst Tappert, har løyst si siste sak. Laurdag 13. Desember døde mannen bak tidenes mest kjende tyske Kriminalkommisar, 85 år gamal. Gjennom rolla i Derrick vart Horst Tappert kjend for ein heil verden, frå Kina til Sør-Afrika er Stephan Derrick og Harry Klein etablerte element av TV-publikumets begrepsapparat.
For det er sjølvsagt Stephan Derrick som gjorde Horst Tappert til, om ikkje ein superkjendis, så ein kultfigur verda over. Frå 1974 og heilt til 1998 rydda Derrick og Klein opp i kriminaliteten i München. Over heile 281 episodar var det berre tre saker Derrick ikkje klarte å oppklare. Derrick blei sendt på TV i over hundre land, og det var slett ikkje sviktande sjåartal som var grunnen då serien blei lagt ned i 1998, for Derrick og Klein var populære som aldri før, dei, men Horst Tappert valde å avslutte medan leiken var god på grunn av sin høge alder. Aller siste sak for Stephan Derrick var i den animerte filmen Derrick – Die pflicht ruft (som betyr plikten kaller, om skuletysken min er noko verdt) i 2004. Horst Tappert sto sjølvsagt for stemma til Derrick.
Men sjølvsagt var det meir enn rollefiguren Derrick ved Horst Tappert. Han var mellom anna ein ekte norgesvenn, med hytte i Hamarøy kommune i Nordland, der Horst og kona Ursula kunne nyte livet seine sommarkveldar. Tappert skal visstnok allreie som soldat i andre verdskrig ha vore stasjonert i Norge. På femtitalet starta han karriera som skodespelar med forskjellige roller i tysk TV og teater, og han held fram å vere aktiv som skodespelar heilt fram til 2000-talet. I 1998 gav han ut sjølvbiografien Derrick und ich – Meine zwei Leben.
Men no er det altså slutt. Horst Tappert døde laurdag i München, 85 år gamal. Ei lang karriere og eit langt liv er til ende, for ein mann som for altid har ein plass i vårt kulturelle begrepsapparat, også for dei som aldri har sett ein einaste episode av Derrick.







