Den verste hendinga i musikkhistoria
Vel, du har sikkert sett dette før, dette klippet er ein gjengangar på bloggar og nettaviser og youtube og på TV og i alle medium som kan komunisere lyd og bilete, men likevel, her får du det ein gong til. Til skrekk og advarsel. Den aller, aller verste som nokonsinne er blitt prestert på ei scene av profesjonelle musikarar nokon gong. Folk som burde vite betre, folk som veit betre. Vi snakkar sjølsagt om Celine Dion og Anastacia sin versjon av You Shook Me All Night Long.
Styggedom, er det. Ta ein kikk om du tør.
Syggedomen blei framført på noko som blei kalla Divas Las Vegas, arrangert av VH1 Save the Music Foundation i 2002. Save the Music? Tullball! Destroy er ordet dei er ute etter. Eg meiner, you go girlfriend ? Celine Dion som prøvar seg på duckwalk? Og at kråka Anastacia i heile tatt for lov til å opptre foran eit levande publikum? Fysjameg!
Men frykt ei. Vi i DU vil sjølvsagt ikkje utsette øyrene dine for dette utan å tilby plaster på såret. Her får du songen slik den skal høyrast ut:
Tidenen beste musikkvideo, det er ikkje noko å diskutere ein gong. Vi slenger forresten på ein liveframføring og, berre for å være sikker på at ein får unotane ut av hovudet.








Kan se ut som enkelte i publikum forstår at dette ikke er noe bra. Mener at jeg hører dem bue ca 24-25 sekunder inn i sangen.
Noen der må ha hatt vett med andre ord, flertallet sto jo bare å jublet der ho serverte dem den kulturell og musikalsk voldtekt!
Må nesten slenge på ein til Sugababes Vs Girls Aloud – Walk This Way…
Sugababes: http://www.youtube.com/watch?v=jdWXz8eDMIo
Var dette så gale, då?
Det var då rett så pent å sjå på.
My thoughts exactly
Fun fact!
You Shook Me All Night Long var den mest etterspurte sangen i amerikanske bryllupsfestar i 2008!