The Final Frontier

Star Trek. Ja, det er kanskje dei to orda som satt i samanheng med kvarandre gjer den mest nerdete smaken ein kan tenke seg i munnen. Men pokkern heller, det bur då ein liten nerd i oss alle. I Start Trek er det Space som er the Final Frontier. Verdsrommet. Og konsepetet går jo stort sett ut på å råne rundt i rommet i eit romskip og sjå om ein finn noko spennade.

No skal eg ikkje skryte på meg masse kunskap om dette emnet, om det då er mykje å skryte av i det heile. Det finst jo folk som går heilt opp i dette. Trekkies. Det er då fint å ha ein hobby. Til og med blitt laga film om dei.

Anyways, Star Trek starta på sekstiatalet, medan the Space Race mellom USA og Sovjet var på det mest intense. Leia av den fryktlause Captain Kirk reiste mannskapet på USS Enterprise rundt i rommet, bekjempa fiendar og hadde seg med det som var av spacebabes der ute. Serien var banbrytande i egenskap å ha det første kysset mellom ein kvit og svart karrakter i ein TV-serie, og hadde dessutan ein russer ombord, midt under den kalde krigen, og ein japanar, berre 20 år etter andre verdskrig. Peace & love, Baby, det var jo trass alt sekstitalet. Eg har aldri sett noko av denne serien, så eg kan ikkje uttale meg om det er bra eller dårlig.

Men det vare berre i tre år, i 1969 var det slutt. Men ikkje heilt slutt. På syttitalet var verdsrommet populært igjen, då Star Wars gjekk sin sigersgong på kino. Så då var det berre å børste støvet av Enterprise gog sende Kirk og gjengen ut i space att. Heile ti filmar skulle det komme, der det originale manskapet medverka i seks av dei. Når Kirk, Bones, Scotty og gjengen blei for gamle og feite for rollene held ein berre fram filmrekka med mannskapet frå The Next Generation. Den siste filmen kom i 2002.

TNG, ja. Det er vel dette dei fleste forbinder med Star Trek. Captain Jean Luc Picard of the Federation Starship Entreprise, som sveva rundt på TV-skjermane frå 1987 til 1994, og som framleis er å sjå på TV her til lands i desse dagar. TNG ga oss eit blikk av ei framtid der motebiletet var prega av usexy (iallefall for dei mannlege medlemmane av besteninga) jumpsuits, aliens som stort sett alle såg ut som heavy metal-rockarar frå det seine åttital, og om ein var svolten, så var det berre å snakke til veggen, så dukke det ein ville ha opp frå lause lufta. Det er jo heva over ein kvar tvil at dette er strålande TV.

Etter at The Next Generation gjekk av skjermen har det blitt laga ytterlegare tre nye seriar, men ingen av desse blei like store suksessar som TNG. Etter at den siste serien, Enterprise, blei tatt av skjermen i 2005, har det vore stille frå Star Trek-leiren. Heilt til no. For no er det ny film på gang.

JJ Abrams, mannen bak TV-serien Lost står bak filmen. Rollelista består kanskje ikkje av dei største navna, men ein kan då trekke fram Simon Pegg, kjend frå fantastiske Hot Fuzz, og Karl Urban, som spela den skjeggete barskingen Eomer i Ringenes Herre-filmane. Dessutan gjentar gode gamle Leonrad Nimoy si rolle som Spock.

YouTube Preview Image

Skal ein dømme utifrå traileren, så viker dette vilt fifft.

Leave a Reply