Skandalejulebordet og media

Julebordsesongen er over oss. Folk hentar finkleda fram frå skapet, pussar finskoa og gledar seg til ein kveld med god mat, god drikke, gost selskap og god undehaldning. Gledar ein seg til noko er det ingenting som er så skuffande som om opplevinga ikkje lev opp til forventningane. Det var nok ei kjensle mange som var på julebord i Vallhall i Oslo i går sit at med.

For ein må jo nesten kunne forvente å kunne ha muligheten til å ta seg ein pils eller eit glas rødvin når ein er på julebord. Ein må nesten kunne forvent at maten ein blir servert lever opp til den standaren ein forventer seg av julemat, ein må kunne forvente seg at det er poteter og raudkål på tallerkenen. Ein må kunne forvente seg riskrem til dessert. Om ein derimot opplever at arrangøren går tom for øl klokka halv sju på kvelden, at maten ein blir servert er på nivå med juletallerken frå Fjordland, som ein dessutan må vente i halvannan time på å få servert, at desserten består av ein pakke Twist. Det er klart ein må kunne forvente betre når ein har betalt i dyre dommar for dette.

Julebordkonseptet til Gastro Event skulle og ha blitt arrangert i Bergen, men eigarane av Arenum messesenter, der julebordet skulle ha funne stad, satte foten ned etter det dei opplevde som useriøsitet frå arragørane si side.

Det er sjølvsagt ikkje rart at folk blir skuffa når julebordet dei har gleda seg til blir til eit slikt useriøst kaos. At folk ytrar seg om skuffelsen til media er heller ikkje rart. Men det burde dei kanskje ikkje har gjort, for det tabloidpressa heng seg opp i er sjølsagt alkoholen. VG klarer sjølvsagt å hente fram ein avholdsorganisasjon som truer med politianmeldelse, og på internett flyt bloggane over av innlegg av typen “haha, lat oss alle le av tullingane som ikkje fekk øl på julebord

Dette seier langt meir om folk sin manglande evne til å føle sympati for folk som er blitt utsatt for eit slikt useriøst arrangement, at ein i staden for å rette kritikk mot arrangørar som lokkar folk med tilbud dei ikkje innfrir, heller vel å nærast latterleggjere julbordgjestane som ikkje har gjort anna enn å uttrykke si missnøye med eit alt for dårleg arrangement.

Leave a Reply