Gratis heroin?

Helsminister Bjarne Håkon Hansen har foreslått å dele ut gratis heroin til tunge rusmisbrukarar. Forslaget får både ris og ros, det blir kalla både ei falitteklæring og livreddande hjelp for tunge misbrukarar. Men om gratis heroin vil være å gje opp menneske, å sjå vekk frå mulighetane for behandling og rehabilitering og ein rusfri gjeninntreden i samfunnet, eller om det vil være hjelp til eit betre liv for enkeltmenneske er noko ein ikkje veit før ein ha prøvd.

Forslaget har naturleg nok møtt motbør. Heroin er jo eingong eit ulovleg rusmiddel, og det kan ikkje være mykje tvil om at det er noko ein ikkje har godt av å få i seg, sjå berre på denne dama her. Norsk narkotikapolitikk har alltid tatt utgongspunkt i den ikkje heilt uforståelege logikken at det er betre å ikkje være narkoman enn det er å være narkoman. Derfor har innsatsen mot narkotika konsentrert seg mest om forbyggande arbeid og avrusing og behandling av narkomane.

Utfrå eit ideal om eit samfunn utan narkotika er det sjølvsagt ei falitterklæring om staten skal dele ut gratis heroin. Det er absolutt eit paradoks at staten skal forsyne dei tyngste rusmisbrukarane med eit stoff som andre borgarar blir kriminaliserte for å bruke eller distribuere. Men det er og eit paradoks at menneske i verdas rikaste sosialdemokrati skal behøve å sove under buskene i Nygårdsparken.

Men kan det tenkast at eit slikt forslag i det lange løp vil gje ein samfunnsmessig gevinst? Det er kanskje slik at ikkje alle rusmisbrukarar kan hjelpast ut av misbruket. Bør staten då ikkje kunne stille opp for å gjere livet lettare for dei tunge narkomane? Og om det stemmer at eit slik tiltak kan redusere vinningskriminaliteten med 70 – 90% så er det vel ikkje mykje tvil om at den samfunnsøkonomiske nytta av dette vil vege opp for det det kostar for staten å gjere seg sjølv til narkolangar.  Ein kan og hevde at staten bør sette rasjonell tankegong i forsetet og heller vurdere nytteverdien i dette for heile samfunnet opp mot eit nærast uoppnåeleg ideal om eit samfunn utan narkotika.
Kanskje kan ein på denne måten og sørge for mindre inflytelse i miljøet rundt dei tyngste rusmisbrukarane for kyniske narkolangarar og betre kontroll over kav slags stoff som faktisk er i omløp. Eit reinare stoff vil og gje ein helsegevinst og dermed betra livskvalitet for dei tyngste misbrukarana. Ei ordning med gratis heroin til dei tyngste misbrukarane har har fungert i andre land.

I denne saka bør styresmaktene stige av kjepphesten sin, svelge nokre kamelar og innsjå at dette kan være den einaste muligheten ein har til å hjelpe dei aller tyngste rusmisbrukarane til eit verdig liv.

  1. Alexander sier:

    Er ikke det å gi gratis heroin bare et bevis på at det er pengene som rår? Hvorfor ikke få til metadon behandling og gratis utdeling i store kvanta i stedet for?

    Vil tro dette er et alternativ for å holde kostnadene nede, og om det er så burde det fremstilles slik også. Jeg må også si at jeg er spent på hva som skal til for å få gratis herion. Må en ha attest på at en har vært rusmisbruker i et gitt antall år eller kan en ha vært det bare en kort stund?

  2. Bjørnar sier:

    Ja, sånn som eg forstår det så er det akkurat det som må til, ein attest på at ein tilhøyrer gruppa av dei aller tyngste misbrukarane. Sjølvsagt vil det måtte settast standarar av staten for kven det er som kan delta i eit slikt opplegg. Det går jo og tydleg fram av helseminsteren sine uttalesar.

  3. Alexander sier:

    Kan det ikke da bli en fare for at mange som kanskje kunne trappet ned ville finne på å trappe opp for å kunne kvalifisere til gratis heroin?

    Er ikke dette en belønning for å havne i kategorien “tyngste misbrukerene”?

  4. Bjørnar sier:

    No må du for all del feel free til å lese dei artikklane eg linkar til her. Der finn du svar på alle invendingane dine.
    Det er ikkje snakk om noko “belønning” for tung rusmisbruk. Det er då sjølvsagt at det å havne i kategorien “tung rusmisbrukar” ikkje er noko å trakte etter.

  5. Alexander sier:

    Om du allerede er misbruker og sliter ganske krafitg så vil det vel bli en belønning å bli “tyngste misbruker” slik at du kan få gratis heroin vel? Jeg tror ikke det er noe å trakte etter for noen som helst å bli det, men om alternativet er et ganske jævlig liv uansett så hvorfor ikke bare da ta skrittet over til å bli tung misbruker og få litt mer hjelp i alle fall?

    Og hvorfor er det kun narkomane som skal få gratis rusmiddel? Tunge alkoholikere drikker jo gjerne alt fra spylevæske til rødsprit. De gjør jo også gjerne krimminelle handlinger for å få tak i rusmiddler, burde ikke disse da få gratis god alkohol slik at en får en helsegevinst og nedgang i krimminialitet?

  6. Bjørnar sier:

    Alkohol er jo ei lovleg vare, og blir solgt i statlege utsalg over store delar av landet. Alkohol er derfor ikkje direkte samanlignbart med heroin i denne samnhengen.

    For enkelte kan det sjølvsagt virke som det minste av to onder å prøve å komme seg inn i “tung misbruker”-kategorien, og som eg skriv lenger i artikkelen, korleis dette vil slå ut er ikkje noko ein veit før ein har prøvd. Mi meining er uansett at eit slik forslag har fleire positive enn negative sider. Men andre er sjølvsagt i sin fulle rett til å være ueinig med meg.

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply