Nisser og djevler og jul og greier

Ja, det begynne å dra seg mot jul igjen. I morgon er det første søndag i advendt, og måndag er det første desmeber, dagen då det endeleg er lov å sette kursen mot butikken for å kjøpe seg mandariner, julemarsipan og julebrus. Du ha allreie drukke julebrus i månadsvis, seier du? Fysjameg, kor er det blitt av prinsippfastheten? Men det er kanskje ikkje så rart. Jula er då først og fremst handelsnæringa sit høgtid.

Jula er kjøpepress og medieskapte illusjonar om lykke og fellesskap. Men samtidig gløymer vi kva jula eigentleg handlar om. Iallefall kan vi lese dette i VG og Dagbla’ når det byrjar å nærme seg jul. Slike tankevekkande artikklar er gjerne plassert like ved sida av ein heilsides annonse for Elkjøp eller Expert. Men det er då eigentleg ikkje så farleg, vi er jo alle klar over at jula er mest stress og kjøpepress, men vi gjentar det same år etter år. Det er då klart at vi liker det. Julemat er godt, det er stas med nok dyrt og elektrisk under juletreet. Det er moro med jul.

Men ikkje alle er einige i det. Intellektets forsvarar og dei sterke meinigars fyrtårn, Dagbladet, kan i dag bringe nyheten om at det i Danmark finnst ein prest som meiner julenissen er satans verk. Ja, det er ikkje måte på kor farleg det er. Nissane påkallar demonar og skaper ulykke og ufred i heimen, og det vil ein jo helst unngå. Mest sansynleg er vår danske prestevenn heilt på jordet, men sikker kan ein då aldri være. I USA trampar dei kvarandre i hel på jakt etter gode juletilbod, så det gjeld å passe seg. Han vi kjenner som Julenissen i dag er jo eigentleg ein reklamefigur for Coca Cola, så kanskje han eigentleg er ein ein liten djevel?

Sjølv ikke julekorta er koselege lenger. Incest og æresdrap er den nye vinen. Det er sjølvsagt VG som melder dette. Rett nok dreier det seg om ein glipp frå distributøren, og ikkje eit underbruk av den danske presten sitt forsøk på å fjerne alt som er moro frå jula.

Vi feirar vel eigentleg den jula vi fortenar. At vi har fjernar oss frå julas eigentlege bodskap, kva no enn det er, men grunnen til til det er jo at det faktisk er så stor moro med dagens julefeiring. Så raddiser og kristnedomens mørkemenn kan berre stå der og advare mot luksus og overforbruk, eg liker jula som den er.

Leave a Reply