Laurdagsmoro

Det er helg igjen. Hei som det går, snart er denne veka over og. Laurdagskvelden er her. What to do, what to do. Nokon skal ut å ha det moro, andre skal sitte heime og sture. I dag er eg å finne i sistnemnde kategori. Men ein treng ikkje å kjeda seg berre fordi ein ikkje har noko moro i gjere på, då det gjeld å finne seg noko moro å sjå på. Og det er ved slike høve at youtube er din venn.

Enkelte folk er ganske enkelt musikalske av seg. Kanskje ikkje innanfor tradisjonelle musikkformer, men originalitet er jo alltid eit pluss. La oss presantere ein skotte med originaliteten i behold, både når det gjeld låtval, framføring og val av instrument. Dette være den beste versjonen av The Final Countdown som internett har å by på.

YouTube Preview Image

Dansing er moro, for dei som liker slikt. Skal vi danse på TV er frykteleg populært for tida. No er rett nok ikkje dette dansing i vanleg forstand, det er meir billedmanipulasjon og ein person med hestemaske, men ved Hasselhoffs heilage brysthår kor moro det er.

YouTube Preview Image

TV er ein fin ting. Nyheter, sport, underhaldning, filmar og seriar. Men er det ikkje av og til litt irriterande å måtte følgje med på fleire seriar om gongen? Hadde det ikkje vore betre om alle favorittseriane hadde slått seg saman til ein, slik at det ikkje var så mykje å følge med på? Nei, sjølvsagt ikkje. Men det er likevel nokon som prøver å slå saman favorittseriane sine. Som til dømes han her:

YouTube Preview Image

La oss avslutte med ein sikker vinnar: Ei syngande geit. Henta frå den fantastiske filmen Hoodwinked, eller Sannheten om Rødhette på norsk, ein film vi anbefaler på det sterkaste.

YouTube Preview Image

Leave a Reply