DVD: Shine a Light

Verdens største band møter verdens største regissør for å lage verdens største konsertfilm. Ja, det var i heile tatt ikkje måte på kor svære greier det var då Martin Scorsese skulle filme The Rolling Stones sin konsert i Beacon Theatre i New York hausten 2006. Resultatet blei Shine a Light, som i desse dagar er ute på DVD.

I love movies, seier Charlie Watts, trommisen i Rolling Stones, på eit tidspunkt i filmen, I love watching movies. De går med andre ord tydleg fram at Watts ikkje synst noko særlig om å ha ein drøss med kamera i trynet uansett kva han foretar seg. Men sjølv om Charlie Watts misliker det, så er det slike augeblikk som gjer denne filmen til noko spesielt. Å sjå Mick Jagger og Martin Scorsese krangle om plassering av kamera på og rundt scena, der Scorsese er opptatt av å få best mogleg film ut av dette, medan Jagger er opptatt av å lage ein best mogleg konsert. Filmen er og krydra med arkivopptak av Stones, mellom anna ein ung Mick Jagger som innrømmer at han eigentleg aldri hadde trudd at Stones ville blir særleg store i heile tatt.

Men det er likevel musikken som står i sentrum. Scorsese har tydlegvis hatt eit sterkt ønske om å vise fram favorittbandet sitt i eit positivt lys, og det lykkast han med. Ein kan til dømes sjå dette eksempelet, Keith Richards sin fantastiske You Got The Silver:

YouTube Preview Image

Men det likevel ikkje slik at dette er ei musikalsk triumfferd for Stones. Nesten alle songane blir spela for fort, Keith Richards bommar i soloane sine, men det er då slik Stones skal høyrast ut. Eit Rolling Stones som ikkje høyrest ut som eit skranglete rockesirkus ville være som om Metallica skulle dra på turne og spele jazzversjonar av songane sine. Det er ikkje det folk betalar for. Det Rolling Stones manglar av musikalske ferdigheter veg dei lett opp for i sjarm og showmanship.

Så det er med andre ord ein god film vi har med å gjere. Men er det ein god DVD? Nei, eigentleg ikkje. Ein kan til dømes ikkje skifte frå song til song med kapittelvelgaren, ein hoppar tre-fire songar i slengen. Det er eit stort minus for noko som i utgangspunktet er ein musikk-DVD. Ekstramaterielet er helleri ikkje mykje å hoppe i taket for. Ein bakomfilm og fire ekstra songar frå konserten. Og når tre av desse songane i tillegg er gitt feil namn i DVD-menyen (Little T&A, Paint It Black og I’m Free er blitt til høvesvis She’s My Little Rock’n'Roll, Black og Free To Do What I Want) så bidrar ikkje det akkurat til å trekke opp heilheitsinntrykket.

Film:

DVD:

Leave a Reply