Er vi betre enn Dagbladet?
Det er mange der ute i den moderne verden som sit framfor ein PC-skjerm, eller skjermen til ein Mac, om dei føler for å være trendy, og kommenterer saker og ting dei er opptekne av på internett. Det kan være på debattforum, kommentarfelt hos nettavisene eller ein eigen blogg. Alle som føler for å kringkaste sine meininger har alle muligheter til å kunne spre bodskapet sitt til massane der ute berre med nokon få tastetrykk.
Til dømes kan det godt tenkast at eg kunne tenke meg å skrive noko om eit program eg såg på TV, om eg var av den oppfatninga at det var verdt å nevnast. Det har eg då og faktisk gjort og, om Bonanza. Men det er ein ting å skrive om det ein likar å sjå på TV om ein skriv på eit slikt fora som dette, ein annan ting er å gjere det dersom ein er journalist i ei av landets største aviser. Denne artikkelen hos Dagbladet handlar om noko journalisten har sett på TV, funne å være eit festleg program, og at det difor var noko som var verd å dele med Dagbladet sine lesarar.
Som i ein privat blog så får vi hos Dagbladet ein presantasjon av programmet, A Colbert Christmas: The Greatest Gift Of All, ei oppsumering av høgdepunkt, illustrert med klipp frå youtube. Vi blir og opplyst om at det kjem ein DVD av programmet i sal snart.
Det er ikkje det at dette er eit dårleg program, snarare tvert imot, Stephen Colbert har ved fleire høve vist at han er ein festleg type, men at ei avis av Dagbladet sin størrelse skal drive nærast blogging om personlege TV-favorittar på denne måten er vel ikkje heilt foreneleg med ei rolle som ein seriøs nyhetsformidlar?








Sitter på en trendy mac og arger meg mang en gang på lignende agurk-artikler fra Dagbladet.no. Men etter å ha kikka på de mange rare kommentarene under artiklene, så minner jeg meg sjøl på at jeg kan velge å lese, eller ikke lese, akkurat det jeg vil.
Når det er sagt så er jeg helt enig i at nevnte artikkel er direkte uinteressant, på tross av at Colbert er en småmorsom type!
“meg sjøl” – Æsj, der hørtes jeg ut som en Dagbladetjournalist!