Små bilar, stor moro

Først litt skamlaus produktreklame: Nintendo DS er ein heilt fantastisk liten sak. Liten og hendig, to skjermar, der den eine er trykkfølsom, tenk deg det, du, og den kjem i alle mulige slags fine farger. Ypperlig tidsfordriv når ein har tid å fordrive, for eksempel om ein er ute å reiser eller sit på do. Og det festlegaste du kan ta deg til på denne artige handheldne spelemaskina, det er Mario Kart DS.

Mario Kart, ja. Det heile går ut på at ein tek figurar frå ulike nintendospel, plasserar dei i kvar sin go-kartliknade bil, og lar dei køyre rundt på baner medan dei kaster bomber og bananer på kvarandre. I DS-versjonen av Mario Kart finn ein både nye baner, og et utval av best-of baner frå tidlegare variantar av Mario Kart-serien. Her spelar ein seg gjennom ulike mesterskap, med stigande vanskelighetsgrad, og etter som ein lykkast med dette låser ein opp fleire baner og figurar ein kan spele med. Den vanskeligaste vanskelighetsgrada er såpass tricky at den byr på utfordringar nok, sjølv for den rutinerte spelar.

Ein kan og spele i oppdragsmodus, i tidstakingsmodus (om å gjere å køyre fortast, altså) eller spele mot andre folk med DS’en si fancy trådlause nettverkstilkoblingsinnretning. Stor moro, det og.

Så er du på utkikk etter motorisert gladvold i eit familievenleg miljø, er absolutt Mari Kart DS noko å vurdere. Små bilar, stor moro for både liten og stor!

  1. Erlend sier:

    Jeg regner med at også du ser frem til neste utgave av Nintendo DS, den kommer med to trykkfølsomme skjermer… :D

  2. Alexander sier:

    Mario Kart på DS er et veldig bra spill. Selv om Mario Kart er bare på alle plattformer så var faktisk DS versjonen en av de beste de har gitt ut mener jeg.

    Det er og et spill alle fra 0-100 vil storkose seg med!

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply