Presidentkandidatane på Facebook

Det er val bort i USA no til veka, det har sikkert dei fleste fått med seg. Og då skal dei velge seg ny president. Dette valet er sjølvsagt svære greier, ikkje berre for amerikanarane, men for alle oss andre og. Det er berre dumt då at vi, i motsetnad til amerikanarane, faktisk ikkje har ein skit vi skulle ha sagt om kven som vinn dette valet. Det er amrikanarane som har stemmerett. Vi andre får nøye oss med å synse.

Så kven er det egentlig vi vil ha inn i det kvite hus når han George flyttar ut, Obama eller McCain? Lat oss sjå kven av dei som gjer seg best på facebook!

Vi startar med Barack Obama. Han ledar jo ganske klart på målngane no, og alle trur han vil vinne. Obama har 2 322 396 tilhengjarar på facebook. På sida si er han, saman med visepresidentkandidat Joe Biden, avbilda mot ein blå bakgrunn, meir liknande ein ledar i Siste Dagers Hellige Samfunn av Avsindig Lykke-sekta enn ein presidentkandidat. Men det er jo ikkje så gale, når mannen til vanleg ser ut som ein svart Peter Crouch.

Facebook kan og opplyse om at Obama lika å låne øyre til mellom anna Miles Davies, John Coltrane, Bob Dylan og Bach. I mine auge luktar dette litt kultursnobberi, men det kan jo bli folk av dei som ikkje likar AC/DC og.  Han likar dessuten dei to første Gudfaren-filmane, og å lese Shakespeare, Moby Dick og Bibelen.

Motkandidaten John McCain er langt fra så populær som Obama. Han har berre 610 952 fans. På facebooksida si er han avbilda saman med sin visepresidentkandidat Sarah Palin framfor verdas største 17. Mai-sløyfe. Johnny Mac opplyser ikkje om kva han liker å høyre på når han sveiver i gong grammofonen sin, men han liker å lese For Whom The Bell Tolls, og å sjå Jack Bauer sparke terroristrumpe i 24 når han skal sjå på  TV.

Når vi først er i gong, la oss sjå på visepresidentkandidatane og. Joe Biden har 170 348 tilhengjarar. Han opplyser ingenting om kva slags musikk han liker eller kva han liker å sjå på TV, noko han burde skjønne at folk gjerne har lyst til å vite. Nåvel. Bildet han har av seg sjølv, saman med Obama, er av same sektledartypen som Obama sitt bilde.

Den republikanske kandidaten, Sarah Palin, har 445 646 fans. Guvernøren frå Alsaka byr på absolutt ingenting av informasjon om seg sjølv, ikkje eingong eit eige bilde klare ho å stille opp med. Ho har det same 17. Mai-sløyfebilde som McCain har. Og ser du lenge nok på dette bildet av Palin, så går det kanske klart fram kvifor ho har blitt samanlikna med ein pitbull i denne valkampen, dei er ganske like. Eit stort pluss er det derimot at ho lar oss skyte grisar i det festlege spelet Pork Invaders, som er å finne på sida hennar.

Facebook syner altså at det er eit stort fleirtal for Obama som president. Litt overraskande er det då at det er Palin som er den mest populære visepresidentkandidaten. Obama – Palin hadde det altså stått på valplakatane, om det var facebook som fekk bestemme.

Leave a Reply