Å gå på kino

Ein får tru dei fleste har vore på kino. Kanskje opptil fleire gongar. Men kor mange er det som har gått på kino åleine? Sikkert ikkje mange. Og det er i grunn ikkje så rart, for det er først når du går åleine på kino du verkeleg legg merke til kva dei andre folka i kinosalen faktisk driv med.

I grunn så er det jo litt rart at det å gå på kino er blitt til ein sosial aktivitet. Ein kjøper billetten, finn setet sitt, og sit der i mørket i to timar medan ein held kjeften sin og ser på skjermen framfor seg. Skulle tru ein klarte dette fint åleine. Det er klart, kino er utmerka tidsfordriv dersom ein må tibringe tid med nokon ein ikkje har noko særleg å snakke med om.

Men uansett, lat oss gå tilbake til kinosalen, der vi sit, mutters åleine. Eg vil trekke fram ei oppleving som har gjort meg særs skeptisk til å ta turen på kino aleine fleire gongar. Det var sommaren 2006, og filmen var Da Vinci-Koden. Eg var litt tidleg ute, for då eg kom inn i salen sat det berre ein person der frå før, ei dame i si beste aldre, og kanskje enda litt til. Av bekledninga hennar kunne ein slutte seg til at ho mest sannsynleg var glad i afrikansk dans og latinske rytmer, og hadde bøker om å korleis lukte på sine indre blomar i bokhylla heime. Og ho sat sjølvsagt på plassen ved sidan av meg. Så der sat vi altså, eg og Miss Alternativ 2006. Og det var då det verkeleg store skjedde. For dei fleste er det jo vanleg å kjøpe med seg litt knask før filmen, enten ein tar med seg utanfrå eller kjøper til blodpris på kinoen, men denne dama hadde altså med seg ein heil bærepose full av snacks og sjokolade inn på kinoen. Korleis ho hadde fått det til må jo gudane vite, men der sat ho altså. Og ho hadde ete opp alt før filmen var slutt.

  1. Alexander sier:

    Kanskje ho var sulten?

  2. Bjørnar sier:

    Kanskje ho var gal, gal som ein kost?

  3. Alexander sier:

    ikke umulig det heller.

  4. Frode sier:

    Kan hende at hun egentlig hadde handla mat for helga, men sidan filmen var berre vrøwl, så trøste spiste ho?

  5. Bjørnar sier:

    Nja, filmen var jo ikkje så masse å rope hurra for, men når en først har betalt for billetten, så burde det jo vere meir spennade å følge med på ka som skjer på lerretet enn på ka slags smågodt en har i posen.

  6. Odd Are sier:

    Det falt deg aldri inn at du kanskje gikk glipp av “the love of your life” den dagen? Sånne ting skjer berre ikkje tilfeldig !!

  7. Bjørnar sier:

    Nei, det falt meg aldri inn. Burde det det?

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply