Forandring

Forandring er i vinden for tida. At forandring fryder er noko ein har høyrt lenge. Det har til og med blitt laga eit TV-program som heiter Forandring Fryder. Opppussing trur eg det handla om, opppussing er jo og ei form for forandring. Også i utlandet er forandring nærast å rekne som den nye vinen. I USA viser det seg at ordet “change” er nok til å basere ein presidentvalkamp på, og at ein til og med nok til at ein kan vinne valet.

Sjøl er eg litt meir skeptisk til forandring. Eit eksempel på unødvendig forandring eg vil trekke fram er desse nye handlekorgene som har dukka opp i daglegvarebutikkane dei siste åra. Eg liker ikkje desse.

Før var det jo så enkelt, skal du handle meir enn du klare å bære, så tar du ei handlevogn, skal du ikkje handle så mykje, så tek du ei handlekorg. Men altså har ein klart å finne på at desse må kombinerast. Er det fordi folk ikkje gidd å bære varene sin sjøl lenger, og heller vil drage dei etter seg, eller er det fordi det oppfattast som fattegsleg å trille rundt på ei handlevogn om ein ikkje skal handle nok til å fylle den helt?

Men det aller verste kjem til slutt. Både her og i butikken. Det er når ein kjem til kassa, og har lagt varene sine på båndet og skal sette frå seg handlekorga si. For kvar pokker skal ein sette den? Folk har jo ikkje vett til å skille mellom handlekorgen og desse uhellige bastardkrysningane mellom vogn og korg som og skal ha plass. Så desse to typane blir stabla oppå kvarandre, og i og med at dei ikkje er kompitable på nokon slags helst måte når det kjem til stabling, må jo dette bli kaos.

Alt var betre før, var det ikkje det?

  1. Frode sier:

    Må innrømme at eg er ein av dei sjelene som har stablet bastard korgene i sammen med dei gamle korgene. Det gir eit aldri så lite kikk å tenke på kva forferdelige utfordringer neste mann i køen vil møte når dei skal pargere korgen sin i bastardstabelen.

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply